Gerd Michaelsen

Gerd Michaelsen

Artiste, Contributeur

* En anglais uniquement

Det er den draumen eg ber på at noko vedunderleg musikalsk skal skje!
Stille Ballade er det debutalbumet eg har drøymt om sidan eg byrja å spela gitar og lage songar som ungdom, men som eg først i moden kvinnealder hadde mot og styrkje til å gjera noko med.
Sjølv om eg er ei Sandviksjente frå Bergen, har eg spela inn eit nynorsk visealbum. Med ei mor frå Sandviken og ein far frå Radøy, vaks eg opp med både bokmål og nynorsk klingande i øyra. Eit familieliv på Bømlo gjorde det også naturlig å skrive akkurat desse songtekstane på nynorsk.
Etter nokre arbeidsår som psykolog, vidareutdanna eg meg til instruktør i merksamt nærvær og fekk gleda av å undervise mange ivrige kursdeltakarar på Bømlo. Etter kvart vaks ein annan draum fram; draumen om å utdanna meg til yogalærar; auka kontakta med Livskrafta; få moglegheit til å undervise i Klassisk Yoga, som eg sjølv hadde dyrka i over tjue år. Fordjupinga i yoga og meditasjon fekk fart på dei ungdommelege musikalske draumane mine, og då eg i 2012 komponerte songen «Alt som er i himmelen», steg eg raskt opp i nokre himmelske sfærar der eg verkeleg kjende at noko vedunderleg musikalsk snart kom til å skje!
Då songar frå operaen «Porgy and Bess» skulle framførast under Festspela i Bergen våren 2015, tok eg kontakt med NRK P1 Hordaland og fekk koma i studio for å kringkaste «Sumartid» og «Gleda», som er mine omsettingar av «Summertime» og «I`ve Got Plenty O`Nuttin». Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sine tolkingar av desse to songane har eg båre med meg i hjarta frå eg var ganske ung, og begge songane var alltid med på mitt akustiske festrepetoar. Warner/Chappell Music Scandinavia AB har godkjend dei to tekstane mine, samd «Du er den du er», som er ei fri tolking av «I Am What I Am».
Visesongane mine er i eit noko anna musikalsk landskap enn mine ungdoms heltinner som Linda Ronstadt, Janis Joplin og Patti Smith, berre for å nemne nokre markante amerikanske kvinneskikkelsar. Songane er nok noko nærare i tid og rom med norske kunstnarinner som eg i årenes løp lett har latt meg henføre av som Radka Toneff, Kari Bremnes, Anne Grete Preus og Mari Boine.
Albumet Stille Ballade er eit knippe trøystesongar som skildrar Kjærleikens kraft i ulike formar, Dødens lys og mørke, Livets fryd og glede, Nattens einsame søvnlause, Håpet og Trua på alt det nye og ukjende som ein dag kjem, Sorga over det tapte og noko mykje meir som du som lyttar vil finna ut av sjølv. Som komponist, tekstforfattar og songar gir eg av mi livsrøynd og håpar at du lar deg føre av stad saman med mine ord og tonar, heilt inn til ditt stille hjarta, di stille sjel, inn til der du bur, til den du er.

Rôles

Genres