* En anglais uniquement
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. No smyg dei seg inn i sommarsfæren med singelen «Golden». Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”. Medlemmene i Lumikide er travle jazzstudentar, involvert i prosjekt i fleire retningar, som Luke Elliot, Krokofant – og ferske Strange Hellos, som nyleg slapp sin første singel.